Bessheim fjellstue ligg like ved fjellryggen Besseggen i Jotunheimen. Sentralt plassert ved fylkesveg 51, har Bessheim sidan 1890 losjert og servert fjellvandrarar og reisande langs den Nasjonale turistvegen over Valdresflya.
Dessutan er Bessheim ein del av Høgruta i Jotunheimen - og startstad for denne populære 5-dagarsturen i hjarta i Jotunheimen. Du kan anten bruke fjellstova som ein stoppestad på ein lengre tur, eller bu her fleire dagar og utforske lokale fjelltoppar. Kva med å gå turen over Besseggen på ski?
OVERNATTING
Bessheim tilbyr overnatting i rom, leilegheiter og i hytter. I tillegg har vi ein liten campingplass. Vi har totalt 180 senger fordelt på 27 rom og 27 hytter og leilegheiter. Inne på fjellstua har vi 64 av desse sengene. Romma har ikkje hotellstandard, men det er oppreidde senger og dusj og toalett på dei fleste. Hyttene har mellom 2 og 10 senger, og storleik og standard varierer mykje.
MAT
På Bessheim serverer vi norsk, tradisjonell mat. Vi likar å serverer reinsdyrkjøt frå Vågå Tamrein AS, hjort og elg frå lokale jegerar og fjellaure frå dei mange gode fiskevatna i Jotunheimen. Kvar morgon er det frokostbuffet der gjestene kan smørje seg niste til fjellturen.
I restauranten vår serverer vi frokost, middag frå ein a la carte-meny på dagtid og ein god treretters middag om kvelden. På frokostbuffeten kan du smørje nistepakke og å få fyllt termos til dagens tur.
Kaféen er open frå klokka 11.00 til 20.30 kvar dag. Frå klokka 13.30 og utover ettermiddagen serverer vi middag frå ein a la carte-meny. Dersom du ynskjer å reserverer bord til treretters middag, tek vi gjerne i mot bestillinga di dagen i forvegen.
VINTER
Vintersesongen varar frå 10. februar til over påske og helger/langhelger fram til 17. mai
2023. Vi kjører opp skiløyper her i Sjodalen frå vi opnar i februar og til over påske.
I april og mai er det tid for vårskiturar. Da er det ljose, lange dagar og fint å gå på 2000-
meters toppar i Jotunheimen og på Valdresflya. Det blir også kjørt opp løyper oppe på
Valdresflya i mai.
BESSEGGEN
Besseggen er ein av dei mest populære fjellturane i landet. Dei fleste går Besseggen i sommarsesongen, men det er faktisk mogleg å gå den kjende eggen og på vinterstid. Da kan du risikere å vere der heilt for deg sjølv. Turen går da på fjellski eller randoneeski frå Bessheim, opp til Bessvatnet og over isen på Bessvatnet, på langs. Ein kjem da til Bandet, som er det smalaste partiet mellom Gjende og Bessvatn, og startar oppstigninga av Besseggen. Her tek ein skia på sekken opp sjølve eggen. Det kan vere lurt med stegjern og isøks på glatte partiar. Når du har gått opp heile Besseggen kjem du til høgaste punktet, Veslfjellet, 1743 m.o.h. Eit stykke etter toppen deler stigen seg, og du køyrer ned til venstre, ned att til Bessvatnet og retur ned til Bessheim.
SOMMAR
Fottursesongen startar fredag 9. juni i 2023. Gjendebåten startar å frakte passasjerar for å gå Besseggen frå laurdag 10. juni 2023. Gjendebåten går kvar dag fram til 8. oktober 2023, og Bessheim held ope like lenge. Det er dette som er tida for å gå Besseggen og mange andre fine fjellturar i Jotunheimen.
Gjendebåten går stort sett kvar dag i denne perioden. Båttidene finn du på www.gjende.no, og på www.besseggen.net finn du all informasjonen du treng for å gå ein av dei mest populære fjellturane i landet. NB: Hugs at du må bestille deg båtbillett på førehand!